Bunkeren er bygd over bakken og kamuflert som ein bakketopp. Ved bygginga av bunkeren reknar ein at det gjekk med 960 m3 med betong, 48 tonn armeringsjarn, og 8 tonn formstål. Romma i bunkeren består av: sambandsrom, rom for 2 offiserar, observasjonsrom, reknerom, opphaldsrom for 9 underoffiserar og mannskap, vaktrom, gass-sluser og nødutgang.
I dag står det ei telemast på toppen av bunkeren og eit lite trebygg.