Denne kanonstillinga er annleis enn dei andre som er funne på området. Den er sirkulær, 12 m i diameter og består av tre nivå, medan midten er uberørt undergrunn. Betongen er ikkje av like god kvalitet, og på det tjukkaste måler stillinga 40 cm. Midtpartiet er også berre tynn betong som er lagt rett på undergrunn. Den er ikkje like nøye konstruert slik som ein ser ved dei andre. Denne kan ha vore nytta til dei eldre kanonane, då det ligg ei ny kanonstilling like sør for denne.