Bautastein nr. 1 (R2) står vel 20m SSØ for haugen, den er flat, med største breidde i aust med omlag 35cm-spissast til ein smal egg mot vest. Den ruva 2m over jorda, og er omlag 1,25m brei. Tre steinar ligg som eit slags fundament på sørsida. Steinane står med breisidane mot nord og sør. På sida mot sør ser ein at nokre bokstavar er innhogga, det er mogleg det kan tydast som Gossen ungdomslag, og er tydelegvis hogd inn i nyare tid. Etter det grunneigaren har opplyst, er den eine av dei to ståande bautasteinane reist opp av Gossen ungdomslag. Han visste ikkje sikkert kven av dei. Det må sannsynlegvis vere denne å døme etter innskrifta og steinane ved foten.