Slagghaug S-12.
KHM 2006:
Dette utkastet låg rett vest for slaggutkast S-5, og gjekk i sør saman med dette. NØ for utkastet låg omnsområde S-13, og det kan verke som om slagget er kasta i mot S, SV og V frå dette. Utkastet var ovalt i forma, med 6 x 5 m som største utstrekking. Slaggutkastet låg i til dels bratt skråning rett på svaberget, og var i hovudsak mellom 5 og 15 cm tjukt. Volumet er rekna ut til å vere om lag 3 m³. Massen besto av torvblanda, brun malm med ein del slaggbitar. I hovudsak var det snakk om små bitar av tappeslagg, men heilt nederst i utkastet (nede i myra) var det også ein del større bitar (delar av botnskoller m.m.). Utkastet er rekna ut til å innehalde 3,5 tonn masse, korav 2,6 tonn slagg. Ein kolprøve frå strukturen er datert til 680-890 e.kr.