Røsteplass S-15.
KHM 2006:
Dette området låg sør på feltet, rett aust for slaggutkast S-5. Området låg i slak sørvendt helling og strakk seg noko ut i myra, noko som indikerer at nivået for myra har stige ein del sidan anlegget var i bruk. Røsteområdet var rektangulært i utforminga (7 x 4 m i største utstrekking), og inntil 15 cm djupt. Fleire konsentrasjonar med malm innanfor dette området indikerer truleg røsteplassar, men det var vanskeleg å avgrense og talfeste desse sikkert. Truleg har minst tre røsteplassar lege innanfor røsteområde S-15. Malmen var i hovudsak finkorna og mørkebrun. Enkelte stader dekka malmen eit 1-5 cm tjukt kollag, medan den ellers var noko kolblanda. To kolprøvar frå struktruren er datert. Begge desse låg innanfor perioden 885-1015 e.kr.