Mulig tuft, ved vestre avgrensning av jernvinneanlegget. Ligger ca. 6 m øst for kant av bergskrent. Mulig nedgravning i form av forsenkning med flat bunn. Lengde ca. 2,5 m nord-sør, bredde 1,2 m, dybde 0,2 m. Stein i kantene.
KHM 2006:
Denne låg vest på feltet, tett ved der berg kjem fram i dagen på kollen, og der denne heller bratt ned mot Vesleåne. Tufta var sterkt overgrodd, og vart fyrst godt synleg etter rydding av vegetasjon på feltet. Etter avtorving var tufta synleg som ein hesteskoforma voll (4,5 x 4,5 m i ytterkant), med opning mot nord. Så vidt vest for midten av opninga av tufta låg omn S-8, og slaggutkast S-3 låg nord og nordøst for denne. Utgangen til tufta har truleg gått mot nordaust, aust for omn S-8.
Vollane var rundt 1,5 m breie, og mellom 10 og 15 cm tjukke. Massen i vollane besto av oppspadd grus, nevestor stein og noko malm. I vest var det antydninger til ei grøft utanfor vollen. Denne var mellom 20 og 40 cm brei, skjeldan meir enn 5 cm djup, og
mellom 2 og 3 meter lang. Dette kan også vere eit naturleg søkk, då det ikkje var tydelege teikn på nedgraving ved grøfta.
I SØ-hjørnet av vollen, tett inn mot golvflata, låg ei flat helle (diameter ca 60 cm). Denne var synleg allereide rett etter avtorving, og kan ha vore del av ein huskonstruksjon (syllstein?), sjølv om den ligg noko langt inn mot golvflata til å passe som dette. Det var også ein del anna stein i vollen, utan at desse danna noko form for mønster/konstruksjon.
Heilt aust i vollen var det teikn til at denne var ”oppstiva” av ein del stein. Dette var truleg gjort for å hindre utrasing av vollen. Eventuelt kan denne konstruksjonen ha vore del av ein enkel takkonstruksjon (gapahuk) over malmlager S-7 og kollager S-6,
men det vart ikkje påvist andre spor (som til dømes stolpehol) etter ein eventuell slik konstruksjon.
Tufta var relativt lita, med eit golvareal på rundt 5 m² (2,0 x 2,5 m), og det var ikkje teikn til noko form for rominndeling. Heile tufta (masse i golvflata og veggvollane) blei gravd i eitt gravelag. Det vart ikkje påvist noko kulturlag i tuftene, ut over eit 5- 10 cm tjukt malm- og gruslag, likt det i vollen. Dette kan vere restar etter ein nedrast takkonstruksjon (torvtak?). Ved fjerning av dette laget kom ein eldstad fram heilt sør i golvflata. I N kom den steinforte tapperenna til omn S-8 fram. Det vart ikkje påvist stolpehol, korkje i golvflata eller under veggvollane.