• 92159-7

    id
    • 92159-7
    datafangstdato
    • 2006-09-28T00:00:00Z
    datering
    • 075
    dateringskvalitet
    • 1
    dateringsmetode
    • radiologiskC14
    enkeltminneart
    • 2352
    enkeltminnekategori
    • E-ARK
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2023-12-13T18:58:54Z
    informasjon
    • Jernvinneovn S-10. KHM 2006: Denne omnen låg sør for tuft S-2. Rundt omnen (i N og NV) var det spadd opp ein del massar. Desse gjekk saman med veggvollen til tuft S-2 (i SØ hjørnet til tufta), noko som kan indikere at omn S-10 og tuft S-2 heng saman. Etter avtorvinga var denne omnen synleg som ei grus- og malmblanda steinrøys. Dette indikerer at sjakta kan ha vore stiva opp med ein god del stein. Ei klynge med fjellbjørk rett sør for omnen blei fjerna maskinelt, og røttene til desse kan ha øydelagt tapperenna til omnen ein del. Etter å ha fjerna ein del stein og lausmassar kom ein ned på to sirkulære kolrander inni kvarandre. Den ytterste kolranda hadde ein ytre diameter på rundt 1 m, og var mellom 5 og 10 cm tjukk. Den innerste kolranda hadde ein ytre diameter på 35-40 cm, og var mellom 1 og 3 cm tjukk. Området mellom kolrandane var fylt med raudbrun sand og leire, og indikerer truleg sjakta i omnen. For øvrig var ein god del stein nytta rundt omnen, truleg til å støtte oppe sjakta. Den ytre kolranda var broten i sørvest, og her har truleg tappinga gått ut. Som nemnd var dette området noko skadd av røtter, så det er vanskeleg å fastslå tappinga. Ein del steinar kan indikere ei murt tapperenne mot sør. Området innanfor den indre kolranda indikerer truleg sjølve sjakta, og dette området blei tømt. Etter dette blei omnen snitta, ved at den søndre halvdelen blei fjerna. Omnen var bevart i om lag 10 cm djupne, og var fylt med kol, malm og noko slagg. Snittet viste at sjakta var bygd på grunnfjell, og restar av ei botnskolle blei påvist i botn av sjakta. Rett sør for sjakta blei det ved snittinga påvist eit sirkulært søkk i undergrunnen. Dette kom fram fyrst ved snittinga, og låg på nivå 10-15 cm under botn av sjakta til omnen. Det hadde ein diameter på rundt 35 cm, og var bevart i 5 cm djupne. Fyllet besto av kolblanda slagg og malm. Dette kan være restar av ein eldre omn, men ein kan ikkje sjå bort frå at det dreier seg om til dømes eit steinopptrekk fylt med søl frå omnen/tappinga. Ein kolprøve frå strukturen er datert til 1000-1165 e.kr.
    kommune
    • 3454
    kulturminneId
    • 92159-7
    lokalId
    • 92159-7
    lokalitetId
    • 92159
    målemetode
    • 82
    navn
    • Jernvinneovn S-10
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2023-12-13T19:57:17Z
    opphav
    • Innlandet fylkeskommune
    synlig
    • Ja
    vernedato
    • 2006-09-28T00:00:00Z
    vernelov
    • KML
    vernetype
    • FJE
    versjonId
    • 20210217