Tradisjon: "Kollungtveit har frå eldste tider av lege i alfarvegen og mange er det som gjenom åra har stogga der og fått kvild, mat og mette, for det har alltid vore ein gjestfri gard. Ein av dei vissaste gjestene var Bjellandspresten, og ein av dei hadde høyrt at det var ikkje heilt fritt for at dei ¿ofra litt¿ på Kollungtveit, og ein dag han kom dit tenkte han å tala med bonden om dette. Og så sa han: ¿Det er då ei fin bjørk du har i tunet.¿ ¿Ja,¿ svara bonden, men det er ei dyr bjørk. Kvar jolekvelden skal ho ha øl og mat og om morgonen er det borte alt.¿ Så er óg sagt at sjølvaste Heilag Olav skulle ha fare over Hommeheia med fylgjet sitt. I Ranebakkane kvilde han på ferda si, og her let han laga tvo senger av stein, ei til seg og ei til bispen som fylgde han. Leivningar etter desse sengene kan ein enno sjå på eit fjell. Attmed Aronvad, austanfor Kollungtveit, skulle heilagkongen sko hesten sin, og då der ikkje var tre i nærleiken tok han fatt i fjellet og bandt hesten der. Innanfor Sveindal i Vågåskleiva (Vegåskleiva) attmed den gamle prestevegen skulle kongen gje hesten vatn og spende i fjellet. Ogso der skal vera merke etter kongsferda og der har alltid seinare vore vatn." (etter M. Breilid)