Dei postitive prøvestikka er her 17 og 20, dei ligg på 10-11m.o.h nord av vassfløda. Det er gjort berre 2 funn, eit avslag i kvartsitt (17) og ei lita flis av flint i (20). Buplassen ligg i ei sørvestvendt halling mot vestvendt "hovuddalføre". Mot nordaust er buplassen avgrensa av veg og braut og det negative prøvestikket 18. Det er 3-4m frå prøvestikk 18 og aust til vegfylling knytt til kommunal veg. Mot søaust er buplassen avgrensa av det av vegmasse forstyrra prøvestikket 19. Mot sør avgrensa av elvaflødet. Dette er ikkje innmålt, næraste negative prøvestikk vert difor nytta (5). Mot sør/vest avgrensa av prøvestikket 16, mot vest - nordvest av prøvestikket 25. Mot nord avgrensa ellers av ur og braut. Ura ligg ca 2-3m N av prøvestikk 25 og 5-6m N av prøvestikk 20. Dette gir eit areal på ca 170kvm. Noko som er større enn det eg anser som rett. Det var ikkje tid til nærare avgrensing og vassfløda skaper også problem i forhold til avgrensing (område også sør for vassfløda er medtekne). Det er særleg områda mellom buplassane som derved vert feilaktig.