2 prøvestikk og 1 sjakt gir spor etter steinalderbuplass, mogleg buplassar. Flintfunn i trekolhaldig kulturlag i sjakt 1 Ragnhildsåker og prøvestikk D nordvestanfor kan vere spor etter same buplass, overskoren av gardsveg. Funnførande lag er her verna av eit djupt matjordlag. Det er også mogleg at funn frå prøvestikk F er knytt til dette. Imidlertid har vi funntomt prøvestikk mellom sjakt 1 og prøvestikk F. Det finns også ei naturleg forsenking (knytt til gammal strandvoll, sjå SA-del av profiltekning sjakt 1) mellom "grønt og "gult" - område. Dette kan i verste fall vere sekundærplssering, men funnstaden er neppe langt unna. Funna frå prøvestikk D gir indikasjon på at seinneolitikum /eldre bronsealder kan vere aktuell datering frå funnførande lag. Funnførande lag ligg på vel 6-8,35m høgd. I sjakt 1 har vi gode stratigrafiske tilhøve. Over det funnførande (steinbrukande) lag 2 i sjakt 1 på Ragnhildsåker ligg busetjingsspor i form av lag 3 og lag 4 (inkl.nedskjering) under det matjordlaget som er knytt til dagens bruk av området. Desse lagas alder ligg mellom steinbrukande busetjingsfase og dagen i dag. Desse vert forstått som sannsynleg forhistoriske.