Frå Per Fett: "Kjelehaugen" var 20-25 alner (12-16 m) i tvm., 7 fot (2 m) høg, med fotkjede. Midt i haugen var tre små rom av heller og reist stein. Grav 1 i nordre rom som var bygt av små, flate steinar, brulagt og helledekt, med småstein plugga inn i alle mellomrom B 4639. Brende bein i leirkrukke. Grav 2 truleg i SO, grop under ei stor helle, "rester af 1 messingkjedel med jernhank og ligeledes med brændte ben". Grav 3 truleg S for grav 1, eit lite steinsett rom med feit mold. B 4703 skal vere frå haugen, men Bendixen held det for tvilsamt. Kring hundreårsskiftet plukka ein opp båtsaum på haugen.