Gravrøys, Diameter: 7,5 m H: 0,5 m Røys 1 er heilt tilgrodd av torv, med eit forholdsvis nytippa steinlass på. Ingen steinar i den opphavlege røysa er å sjå, men stikking med jordborr stadfestar at det er mykje stein berre nokre cm under torva. Røys 1 har ei utstrekking på om lag 7,5 x 7,5 m, og er om lag 0,5 m høg. Bilete 25 ¿ 30 syner røys 1.