Gravrøys; Lengde; 10 m, H 2 m. Røys 3 ligg på det høgste punktet i skogpullen, heilt på ytterkanten. Her er det utruleg flott utsikt langt utover fjorden mot vest. På det høgste punktet både på ¿øya¿ og røysa, ligg kjempestore steinar. Dette er ein tydeleg indikator på at dette ikkje er ei rydningsrøys, for kvifor lempe dei største steinane lengt inn og høgast opp om formålet berre er å rydde dei av åkeren? Innimellom dei store steinane er det fylt opp med veldig små stein, som igjen er for små til at dei har vore rydda av åkeren. Ytterkantane er veldig diffuse. Dette kan skuldast at det her er fylt på med åkerstein. Det er naturleg hellande terreng nedanfor røys 3, i vest, noko som forsterkar inntrykket av røysa. Sjakt B vart grave heilt inn til rota av røys 3 i nord. Her vart det registrert flassberg, og det er tydeleg at røysa er lagt på ein steinkolle i åkeren. Sjølve kjernen med dei store steinane er om lag 4 x 5 m. Men i si fulle utstrekning kan røys 3 vere så mykje som 10 x 17,5 m. Da blir høgda om lag 2 m. Bilete 25 ¿ 28 og 36 ¿ 38 er av røys 3.