Gravrøys; oval. Lengde 10 m, H 0,5 m. 36,40 m HOH (RTK GPS) Røys 5 er heilt tilgrodd og ved å stikke med jordborr verkar det som om det er eit godt lag med jord over steinsamlinga. Det er vanskeleg å seie om det er naturleg berg i heile botn, men det stikk fram ein bergnabb i sør, mot nordveggen på hytta. Mellom sjakt C og D grov vi heilt inntil rota av skogpullen, som er eit par meter utafor rota av røys 5. Der var det ingen spor etter fjell, berre jord og stein. I bakkant, mot aust, flatnar røysa noko ut, men det er likevel ikkje dyrka her. Om dette tyder på at det heller ikkje her er langt ned til berg, eller om røysa strekk seg lenger i denne retning er usikkert. Røys 5 er 10 x 7 m opp mot 3 m høg. Bilete 46 ¿ 49 og 54 ¿ 55 er av røys 5.