Røys 7 ligg i den sørlegaste av dei tre skogpullane, heilt ute på tuppen av bergnabben i vest. I dag er det eit kvitt flymerke for flyfotografering på denne bergnabben. Dette merket nytta vi som fastpunkt til GPS-innmålingane (punktnr G23T0245 Statens kartverk, norgesglasset). Vi registrerte fire røyser på denne ¿øya¿ i tillegg til to mindre steinsamlingar som vart tolka som hagekunst. Skogpullen er større enn den i nord med ei hytte med utedo midt i. Bygginga av desse husa har tydeleg gjort inngrep og endringar i terrenget. Ein del marmorstein er brukt som grunnmur. Hytta har stått tom i mange år noko som har ført til at ¿øya¿ i åkeren har grodd att med tett lauvskog, kratt, tornebuskar og mengder med liljekonvall. På sørsida er det ein sterkt skrånande kant ned mot åkeren. I vest er det eit flatt platå framfor hytta før det blir ei bratt helling ned mot vegen. I nord ligg røys 4 og 5 på det høgste punktet i skogpullen, herifrå er det veldig bratt ned til åkeren og sjakt C og D. I aust er det ein falt overgang til åker. Skogpullen ligg i skrånande terreng mot vest, med berg høgt oppe i dagen på vestsida. Vi er om lag 34 moh. Rundt denne bergnabben med flymerket på ligg det mindre stein på alle kantar. Kan desse vere hivd utover frå toppen av bergnabben for å gjere plass til fastpunktet? Det ville i allfall ha passa godt med ei gravrøys yttarst på spissen, og all steinen rundt verkar misstenkeleg. Bilete 46 ¿ 49 og 56 er av røys 7.