Struktur 43a ligg på vestsida av Ljøsøy på ein terrasse som skrånar mot sør, vel 5 moh. Strukturen er vel 4x4 meter i omkrets, men mykje stein er kasta ut. I midten har ein ei rydda flate på vel 1 x 0,8 meter, noko som kan tolkast som kammer.
Strukturen er svært utkasta, i sør og søraust er det ein god del stein som tydeleg høyrer til konstruksjonen, men som no ligg oppå nakent berg. Delar av steinane frå struktur 43a kan ha blitt nytta opp att i struktur 43b (enkeltminne 2).
Rapport J. Aksdal 1996.