Røysa (samlinga med stein) er påvist ved sonderingsbor og ei omtrentleg utstrekning er på 6 m. Røysa er låg og mykje overgrodd. Stien ned kryssar nordenden av samlinga. Røysa/røysresten ligg like SA for området der det tidlegare er funne ei ubrend kvinnegrav frå vikingtid (B8025). I området rundt austsida av Sæbøvika ligg det fleire vollar og haugar, men det er ikkje råd å seia om desse er spor etter mennesker eller danna naturleg. Røysa er noko uklår i overflata, men konsentrasjonen er reell nok og funn av ei yngre jernalder grav i nærleiken opnar for at dette kan væra eit automatisk freda kulturminne. For å avklåra dette bør ein fjerna noko av overflatevegetasjonen og sjå om steinsamlinga er ei røys eller rest av ei slik.