Den sørlegaste av skålgropsteinane ligg omlag midt på stølsvollen, 9 m aust for selet til Sigrun Svedal. Han er ein lsus steinblokk, tilnærma oval og flat, som ligg på eit delvis grasgrodd svaberg inntil ei større steinblokk. St. lengde 1,85 m, st. breidde 1,32 m. Steinen kan vere om lag 25-30 cm tjukk. Rundt 20 tydelege og rundt 17 mindre tydelege/utydelege groper. Svært vanskeleg å fastsette nøyaktig groptal, noko kan vere naturlege nedsenkingar i steinen. Skålgropene ligg stort sett konsentrert langs den vestre langsida av steinen, to av dei største gropene ligg åleine om lag midt på flata. Gropene måler 2,5-4,5 cm i diameter og er om lag 0,5-1,5 cm djupe.