Skålgropsteinen ligg omlag 15 meter nord for skålgropstein 97556-2 og omlag 6 meter aust for selet til Edvin Myklestad. Trekantforma stein, st. lengde ca 1,6 m, st. breidde 0,95 m. Steinen er omlag 20-30 cm høg på to sider, skrånande mot bakkenivå mot nord der gropene ligg. 8 tydelege groper, 2 utydelege/uklare groper. Storleiken varierer, frå eit tverrmål på 7 cm og ei djupn frå 0,5-2 cm. Alle gropene ligg konsentrert langs den nordlege delen av steinen.