Kolgropa ( nr.10 i registreringsrapport) ligg aust for slagghaugen og kolgrop 8 og 9, langs ein sti opp mot eit myrdrag. Ho ligg i svakt nordvest-hellande terreng. Det er ei høgd i terrenget omlag 30 m sør for kolgropa og myrdraget ligg nordaust for kolgropa. Kolgropa er rektangulær, orientert vest/nordvest-aust/søraust, 2,70 m x 1,80m, 30 cm djup. Til dels uklar nedskjæring. Ein stein ligg i nedskjæringa i søraustre hjørne. Eit bjørketre midt på kortsida i aust/søraust.