Kolgrop (nr. 11 i registreringsrapport) ligg aust for slagghaugen og kolgrop 8, 9, og 10, langs ein sti opp mot eit myrdrag. Ho ligg i nordaust hellande terreng 3 meter vest for stien. I aust opnar terrenget seg opp i eit myrlandskap. Kolgropa er rektangulær, orientert norvest-søraust, 2,90m x 1,80 m, 30 cm djup. Uklar nedskjæring, voll i nordvest. Ungbjørker langs kant av gropa.