Den austlegaste av kolgropene i samlinga(nr. 13 i registreringsrapport)ligg i lett vestleg helling. Her er tett låg bjørkeskog. Undervegetasjonen er einer, gras og lyng. Det er elles mykje stein i grunnen. Det ligg ein topp 30 meter sør for gropa, eit større myrdrag vest for gropa og eit myrsig 15 meter nord for gropa. Kolgropa er rektangulær, orientert aust-vest, 1,30m x1,60m, 25 cm djup. Uklar nedskjæring, stein i kortsida i aust, bjørk i kortsida i vest. Kolutkast i sørvest. Det ligg ein stor stein 5 meter nord for gropa.