Kolgrop (nr. 14 i registreringsrapport)ligg i sørvestleg helling. Ein liten topp ligg 20 meter søraust for gropa og det ligg ein liten åskam nord for gropa. Her er tett låg bjørkeskog. Undervegetasjonen er gras og lyng. Det er elles ein del stein i grunnen. Utsikt mot Nedre Smedalsvatnet. Kolgropa er rektangulær, orientert sørvest-nordaust, 2,10m x 1,50m, 20 cm djup. Uklar nedskjæring. Stein i søraustre del av nedskjæring og langs kanten i nord. Kolutkast i sør. Stor stein synleg 5 meter sør for gropa.