Kolgropa (nr.4 i registreringsrapport) ligg i nordvestleg lett hellande terreng omlag 15 meter søraust for kraftlinje. Her er middels tett til tett bjørkeskog. Undervegetasjonen er lyng og gras. 10 meter nordaust for gropa ligg eit flatt og vått område og i søraust er det ein bratt fjellside. Kolgropa er rektangulær, orientert nordvest-søraust, 2,90m x 1,70m, 45 cm djup. Til dels uklår nedskjæring, særleg i nord. Det veks to bjørketre langs kanten i vest. Det ligg ein stor stein 4 m vest for gropa.