Kolgrop (nr.5 i registreringsrapport)ligg på ei lita høgd i kupert terreng, 10 m søraust for kraftlinje. Det går eit myrdrag omlag 50 meter nordnordaust for gropa og det er eit vått parti gras omlag 7 meter aust for gropa. Her er middels tett til tett bjørkeskog. Undervegetasjoenen er bregner, gras, lyng og nokre einebuskar. Terrenget hellar i vest og nord, kupert i sør og aust. Kolgropa er rektangulær, orientert nordnordvest-sørsøraust, 2,90m x 2,10m, 55 cm djup. Noko uklår nedskjæring. Bjørketre langs kanten i vestre hjørne av gropa.