Kolgropa (nr.6 i registreringsrapport)ligg i nordvestleg hellande terreng, 7 meter søraust for kraftlinje. Eit myrdrag går omlag 20 meter nordnordaust for gropa. Her er tett, låg bjørkeskog. Undervegetasjoenen er lyng, bregner og gras. Kolgropa er rektangulær, orientert nordvest-søraust, 2,10m x 1,30m, 30 cm djup. Uklår nedskjæring. Ein stein langs kanten på langsida i nord og ein stein langs kanten i austleg hjørne. Det ligg ein større stein 1 meter aust for gropa og ein stor stein 7 meter søraust for gropa.