Kolgropa (nr.7 i registreringsrapport) ligg på ei nord-nordvest hellande flate. Aust for gropa er det eit ope, flatt område, nord for gropa går eit myrdrag, og 15 m nordaust for gropa er det ei lita høgd i terrenget. Kolgropa ligg på ein kant i terrenget. Kolgropa er rektangulær, orientert nordvest-søraust, 2,60m x 2,10m, 35 cm djup. Gropa her ein voll i nord. Uklår nedskjæring. Det veks bjørketre langs kanten på begge kortsidene, og ei lita bjørk ligg nede i gropa langs langsida i vest. Det ligg stein i sørvestre nedskjæring.