Utflytande sirkulær, vanskeleg å definere kantane. Strukturen viser seg som spetta sand og med gråaktig innhald av humus og trekolbitar. Det ligg eit par mindre markante flekkar i sjakta, så strukturen kan vere restar av eit kulturlag av ein slag. Undergrunnen er raudgul sand og grus, typisk morenemasse. Det ligg nokre centimeter med utfellingslag over strukturen. Det var særs mykje avslag av flint og bergart å finne her, samt eit par bitar med enkelt dekorert keramikk og små bitar brente bein. 80 x 80 cm.