Kolgropa (nr.24 i registreringsrapport)ligg på ei tørr høgde i myrområdet. Eit lite bekkefar går 30 meter nordvest for gropa. Høgda er dekt med einerbusker, småbjørker, vier, lyng og gras. Utsikt mot Fillestølen i aust og Øvre Smeddalsvatnet i nord. Kolgropa er kvadratisk, 2,20m og 40 cm djup. Tydelege vollar i aust og vest. Ytre mål er 5,50m.