Buplass. Området er ca. 150 m2 og er skore i to av ein veg til to hytter. Vegen er slitt ned til funnførande lag i 25 m lengd. Sigmund Alsaker (1978) plukka opp B13125. Funnet i forbindelse med registrering av riksvei 14-trasèâ Haukås-Drange bro, Sveio kommune. Funnene lå i veioverflaten og i løsmasser fra selve grustaket.
Bygdeborg. Her er eit trekanta område på ca. 50x50 m lengst i SV. Borga er sers bratt eller loddbein i SV og NV. Også mot S er han sers bratt, eit noko slakare parti midt på er sperra med ein 19 m lang mur. Kortenden i NO er ein hamar der berre eit lite skard måtte sperrast i ein avsats nedanfor ein knaus. O for denne går ein ca. 13 m lang mur i slak boge mot S. Alle murar er utrasa. Toppen er 182 moh. Det litle skardet må oppfattast som inngangen til borga. Men hit kjem ein berre frå kollen nordanfor med oppgang i austre "hyrne".