Dei indre mål er 1,8 meter N - S, og 2,1 meter A - V. Ytre mål er vondare å avgjere, då det ikkje er tydelege vollar kasta opp. Ingen spor etter kol verken i botnen eller i sidene. Ein kjem ned på fjell berre centimeter under torvlaget i botnen. Ut frå form og plassering må ein tru at det er ei kolmile då den er svært lik dei andre kolmilene i området av same type. Det er mykje truleg at kolmila er godt tømd pga fjell under, og sidan vorte utvaska då ein ikkje har teikn til kol i strukturen. Det veks ei klynge med halvstore bjørketre i kolmila. Røtene har gjort- og vil fortsetja å gjera skade på strukturen.
Gravd ut i 2022.
Gropa kan med fyrste augekast virka rund, men er noko firkanta i forma, i alle høve innvendig. Dei indre måla er 1,8 meter N - S, og 1,9 meter A - V. Vollen som er oppkasta rundt kolgropa er rund i forma og består av ljos grå silt / sand øvst og sandhaldig raudmold under. Med omsyn til stratigrafien både i vollane og elles rundt kolgropene er situasjonen mest alle stader i området tilnærma lik. Dette tyder på at det er tale om ein utvaskingsprosess etter at kolgropene har vore i bruk. Elles er kollaget i A:2 opptil 10 centimeter tjukt i botnen, målt fleire stader med sonderingsbor. Det ligg fleire kolgroper og jarnvinneanlegg i området. A:2 ligg ca 15 meter SA for A:4 og omlag 15 meter V for A:3 (kanonstilling).
Gravd ut i 2022.
Rundoval i formen med indre mål 1,6 meter N - S, og 2,1 meter A - V. Omlag 70 cm djup. Omkransa av ein opp mot 1 meter breid, låg voll. Det var ikkje teikn til kol i gropa, men i fylgje førre registrering var det indikasjonar på kol i botnen og vollen rundt. No var det oppsamla ein del vatn, lauv og rotne kvistar i botnen slik at prøvane hadde vanskar med å hengje fast i sonderingsboret, så me kan ha oversett kolinnhaldet. Det er tidlegare teke ut dateringsprøve frå denne strukturen (Beta - 104765) som gav datering 1180 + / - 50 BP.
Gravd ut i 2022.
Det som er synleg av jernvinna er kantstilte heller som står i eit 70 x 70 cm stort kvadrat. Hellene stikk på det meste vel 20 cm opp av jorda. Konstruksjonen er orientert NNV - SSA. Sannsynlegvis opning for avrenning i NV del, medan SSV side manglar heilt, eller ikkje er synleg over bakkenivå. Mellom 0,5 og 1,5 meter NA for jernvinna stikk det kantsette heller opp som ser ut til å ha hatt ein samanheng med anlegget. Det låg slagg i overflata på sjølve ovnen og slagghaugen (A:6) ligg få meter V for jernvinna.
Gravd ut i 2022: Geometrien er utvidet da det ble påvist flere enkeltminner innenfor lokaliteten. Det ble undersøkt 6 ovnsanlegg, 2 slagghauger og en røsteplass.
Slagghaugen er oval i forma, orientert NS. Utstrekning i NS retning, omlag 6 - 7 meter, i AV retning, ca 3 - 4 meter. Haugen er låg, opp mot 0.5 meter, men det vart ikkje teke prøvestikk for å avgjera slagglaget sin tjukkleik. Det er klart at slagghaugen er resultat av smelting i A:5, men etter storleiken på haugen å dømma har det vore fleire smeltingar. Jernvinna og slagghaugen ligg forholdsvis flatt, så ein må tru at slagget har blitt skufla bort i haugen etterkvart som det har storkna. I sentrum av haugen ligg det noko slagg fram i dagen.
Gravd ut i 2022.
Kolgropa er rundoval i forma og har indre mål på 2,5 meter AV og 2 meter NS. Låg, oppkasta voll rundt. Antydning til kol i botn og sider. Djupna er ca 60 cm.
Beskrivelse fra lokalitet:
"Tidligere hovedgård Ytre Vada". Funn av kokstein og svartjordsområde.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Kokstein funnet i området, samt det skal være et svartjordsområde.
Dei indre måla på kolgropa som har ei sirkulær form, er 1,6 meter NS og 1,9 meter AV. Djupna er ca 40 cm. Som før nemnt går stien over vollen i A og har skadd denne ein del. I V vollkant er det eit tjukt kollag, noko som før har vorte tolka som mogleg tilhøyrande ein annan struktur (A:9). Men sidan det er ein del kol i V voll, så er det mest truleg at kolet i A voll høyrer til A:8.