Dei indre måla på kolgropa er 1,3 meter A - V og 1,1 meter N - S. Måla er tekne ca 10 cm over botnnivå. Forma er svakt rektangulær. Trekollaget er varierande, men fleire stader opp mot 10 cm tjukt. Tydeleg voll rundt, spesielt i V der det og ligg noko stein i vollen, noko som me i første omgang tolka som ei mogleg jernvinne då det og var ein del trekol i jordmassane rundt steinane. Men etter å ha undersøkt området rundt, kunne den tanken avkreftast. Trekolet er høgst truleg utkast frå kolgropa (A:24). A:24 ser eg i samanheng med Kolgropene A:22 og A:27, stein / hellelegginga A:26, samt jernvinneanlegget A:54 (sjå desse i same rapport).
Kolgropa er klart markert i terrenget, bortmot 1 meter djup og med 1,5 - 2 meter breide, oppkasta vollar. Forma er sirkulær med ein indre diameter på 1,2 meter målt ca 10 cm over botnen. Indre diameter målt i øvre kant er 2 meter. Ytre diameter, dvs frå vollen sin ytre kant, vert då omlag 5 - 6 meter. Ligg omlag 25 - 30 meter SSV for jernvinneanlegget (A:54), 35 - 40 meter SSV for A:24 (kolgrop), 60 meter SSV for A:22 (kolgrop) og saman utgjer kanskje anlegga eit samla kompleks.
Gravd ut i 2022.
Kolgropa er noko rundoval i forma. Innvendige mål mælt ca 10 cm over gropbotnen er 1 meter N - S og 1,2 meter A - V. Ca 60 - 70 cm djup. Trekollag på 5 cm. Ligg berre 5 meter frå A:29 (kolgrop) og er sannsynlegvis samtidig med denne.
Kolgropa har rektangulær form, måler 1,5 meter ANA og 1 meter VSV innvendig, mælt ca 10 cm over botnnivå. Ytre form er tilnærma rund med ein diameter på minst 4 meter. Kraftige vollar opp til 1,5 meter breide. I kantane i botn er trekollaget rundt 20 cm tjukt. Kolgropa ligg 30 meter NNV for A:56 (kolgrop). Elles er det bort mot 150 meter til andre anlegg.
Gravd ut i 2022.
Kolgropa er oval i forma, 1,2 meter djup og med kraftige vollar, opp mot 2 meter breide, rundt. Indre mål 1,6 meter N - S og 2,2 meter A - V, mælt ca 10 cm over botnnivå. Ytre mål er omlag 5 x 6 meter. Trekollag på rundt 10 cm i botnen. Næraste anlegg er A:32 (kolgrop) som ligg ca 45 - 50 meter mot NNV, og A:33 og A:42 (kolgroper) som ligg ca 130 - 140 meter mot NV.
Kolgropa har rektangulær form, orientert NV - SA. Indre mål 2,1 x 1,1 meter mælt ca 10 cm over botnnivå. Opp til 10 cm tjukt kollag i botn på gropa. Næraste anlegget er A:31 (kolgrop) som ligg ca 45 - 50 meter unna, medan avstanden til A:33 og A:42 (kolgroper) er mellom 90 og 100 meter.
Fornminne: Grop. Ytre diameter 8 m, indre diameter 5 m, dybde 0,5 - 0,6 m. Svært flat og grunn grop, veggene er slake og bunnen flat, bunnens diameter 2,7 m. Bunnen er dekket av et tykt moseteppe og er meget myk. Gropa er ellers dekket av lav, kvist og røsslyng. 40 m c-c i NØ, ei lignende grop, 35-40 m i S en vei.