Strukturen er et område med skjørbrente stein og noen spredte kullbiter i den sørøstlige enden av sjakten. Det var ikke mulig å avgrense området tilfredsstillende, og det er vanskelig å tolke området.
Et område med mange kullbiter og stor stein. Kullområdet virket sirkulært i utstrekning og stoppet opp ved en stor stein i sjaktveggen. Den norvestlige enden av sjakta grenser mot 'rydningsrøysa' som ligger under transformatoren. Man har mistanker om at disse hører til den ene strukturen. Rullesteiner fra området er muligens blitt lempet opp for å danne en base for masten. Man kunne observere at noen av disse steinene tydeligvis var blitt brent. Det er heller ikke lett å tolke denne strukturen, men man har noen indikasjoner på at dette dreier seg om rester av et gravmonument som sannsynligvis er blitt forstyrret i nyere tid.
Beskrivelse fra lokalitet:
På lokaliteten vart det opna to funnførande sjakter, begge positive med fossile dyrkingslag. Deler av profilen i sjakt 1 vart dokumentert, der vart det registrert 1, mogleg 2 fasar med fossil dyrking. Laga var mellom 20-30 cm tjukke. I sjakt 2 vart det også registrert udeinerbare steinstrukturar, det er uvisst om desse er automatisk freda kulturminne.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Det er ikkje teke ut datering frå dyrkingslaga.
Utgraving: Gravd ut i 2001 av Universitetsmuseet i Bergen. Det ble påvist dyrkningslag datert til yngre bronsealder og førromersk jernalder.
Rundoval i forma. Indre mål: 1,9 meter N - S og 1,6 meter A - V målt ca 10 cm over botnnivå. Indre mål tekne i vollen sin innerkant er 2,5 meter N - S og 2,0 meter A - V. Ytre mål 4,5 X 4,0 meter. Vollbreidda er opp mot 1,5 meter. Noko stein (20 - 40 cm diameter) i voll og sider. Djupna er mellom 80 og 90 cm med eit trekollag på ca 5 cm i botn. 20 meter mot SV ligg A:42 (tolka som kolgrope sjølv om det ikkje er funne kol i den).
Kolgropa sine indre mål, mælt ca 10 cm over botnnivå, er 1,3 meter N - S og 1,4 meter A - V. Djupna er opp mot 70 cm. Litt spreidd trekol i botnen og sidene, men ikkje noko samanhengjande lag. Denne kolgropa ligg i eit område med fleire kolgropr (A:46, A:71), som er spreidde rundt gamlestølen.
Fornminne: Kullgrop, ytre lengde SV-NØ 7 m, indre lengde 5 m, ytre bredde 5,5 m, indre bredde 3,2 m, dybde 0,7 m. Veggene i gropa er konvekse øverst. Nedre del av veggene er konkave og danner en vid, U-profilert grop der de møtes i bunnen. Bunnen virker lang, lengde 3,8 m. Vollen er oval og svakt markert, størst i NV der en sti passerer oppå den på langs. Gropa er dekket av mose og litt lyng. På kanten et bjørkekjerr.
Beskrivelse fra lokalitet:
Kolgropa er rundoval, har indre mål på 1,6 meter N - S og 1,2 meter A - V mælt ca 10 cm over botnnivå. Djupna er 60 cm. Vollen rundt gropa er 1 meter breid, så ytre mål er totalt over 4 meter. Trekollaget i botnen av mila er opptil 7 cm tjukt. 5 meter SV for kolgropa ligg ein halvsirkelforma voll med opninga mot kolgropa. Det vart ikkje påvist trekol i denne. Kan ha samanheng med trekolproduksjonen i kolgropa? Det er forholdsvis kort avstand (mindre enn 200 meter) til andre kolgroper, A:28, A:29, A:30, A:41, A:53 og A:56.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Kolmila er rundoval, har indre mål på 1,6 meter N - S og 1,2 meter A - V mælt ca 10 cm over botnnivå. Djupna
er 60 cm. Vollen rundt gropa er 1 meter breid, så ytre mål er totalt over 4 meter. Trekollaget i botnen av mila er
opptil 7 cm tjukt.
5 meter SV for kolmila ligg ein halvsirkelforma voll med opninga mot kolmila. Det vart ikkje påvist trekol i denne.
Kan ha samanheng med trekolproduksjonen i kolmila?
Gropa sine indre mål er 2,0 meter N - S og 0,9 meter A - V. Det er ein låg voll omkring og denne er vèl 1 meter breid. Djupna på anlegget er bort mot 90 cm. Noko stein ligg i kanten av gropa. Ingen teikn til trekol i gropa eller vollen. I området er det tett bjørkeskog, noko brake, men i A ligg ei fin graskledd myrflate. Det er to funksjonar som er mest sannsynlege. Anten er dette ei kolgrop, sjølv om det ikkje er påvist trekol, eller så kan det vere ei skytestilling frå andre verdskrigen. Det er hevda av lokale kjentfolk at A:3 (hesteskoforma nedgraving V for Hesjabakksmyrane) er ei kanonstilling. Frå området der A:37 ligg er det svært godt oversyn opp mot Seljestadjuvet, så det er ikkje utenkjeleg at det er restar etter ei skytestilling.
Rektangulær grop, orientert SSV - NNA. Indre mål: 2,0 meter NNA - SSV og 1,0 meter VNV - ASA. Største djupn: 75 cm. Kraftig voll i nedre kant. Ikkje teikn etter trekol. Gropa er graven ut i bratt terreng, noko som gjer at det vert ein kraftig voll i nedkant og ingen voll i overkant. På sidene er vollen då aukande dess lengre ned ein kjem. Sjølv om det ikkje er påvist trekol, så er det stor sannsynlegheit for at A:38 er ei kolgrop. Dette ut frå plassering og konstuksjon. I tillegg er det funne fleire andre kolgroper i nærleiken (A:36, A:39, A:41, A:28, A:29, A:30 og A:56). Fleire av desse har òg rektangulær form. Plasseringsmessig og av utsjånad har denne gropa mest til felles med A:60, som er ei uopna, dvs demma, kolgrop som ligg A for Hesjabakksmyrane.
Denne kolgropa er så og seie kvadratisk i forma, har indre mål på 2,0 x 2,0 meter (målt ca 10 cm over botnnivå) og ein voll rundt seg som er om lag 1,0 meter breid. Minst 60 cm djup. Kollag i botnen opp mot 10 cm tjukt. Ytre mål på kolgropa vil vera ca 5,0 x 5,0 meter (ca 0,5 meter innskråing frå topp til botn innvendig). Næraste anlegg av same type er A:40 som ligg om lag 50 meter høgare oppe mot SA. Elles er det over 200 meter til A:47 i SV, ca 150 meter til A:38 i ASA og vèl 200 meter til A:36 i A.