Kolgropa er rektangulær i forma og har indre mål på ca 2,0 meter N - S og 1,1 meter A - V. Sidan den ligg i skråning er det noko problematisk å avgjera den faktiske lengda då det ikkje er nokon godt definerbar voll i S kant. I A og V er vollane derimot kraftige, spesielt i A. Største djupn er rundt 80 cm i N medan det skrår ut mot null i S. Det vart teke to prøvestikk i kolgropa. Dette fordi me frå først av var litt i tvil med omsyn til plassering og tolka det slik at det var ein eldstad me hadde med å gjera. Prøvestikka viste at kolgropa i alle høve har vore nytta to gonger (sjå prøvestikkskjema for A:40). Kollaga var 2 - 7 cm tjukke. Næraste anlegg er A:39 (kolgrop) som ligg ca 50 meter mot NV. Andre kolgroper i nærleiken på S sida av E-134 og elva er A:38, A:47, A:36 som ligg mellom 125 og 225 meter unna.
Dei indre måla er 1,5 meter N - V og 1,0 meter S - A (mål tekne ca 10 cm over botnnivå). Låg voll rundt, opp mot 1,5 meter breid, så ytre mål er ca 5 x 4 meter. Dybdemål vart ikkje teke. Opp til 7 - 8 cm tjukt trekollag påvist. Kolgropa ligg berre 50 meter frå A:36 (kolgropa), på andre sida av elva. Mindre enn 100 meter i ANA retning ligg kolgropene A:28 og A:29. Ca 170 - 180 meter mot NV ligg kolgropene A:56 og A:30.
Nærast kvadratisk i forma, indre mål 1,5 x 1,5 meter, ytre mål 4 X 4 meter, 1,5 meter breide, låge vollar, djupn varierande frå 25 til 50 cm. Litt uregelmessig botn. Ingen spor etter trekol, men har alle indikatorar for ei kolgrop. Som før nemnt, 25 meter NA til A:33 (kolgrop), 150 V til A:43 (kolgrop), ca 180 meter V til A:51 (mogleg røsteplass), 100 meter ASA til A:32 (kolgrop) og 150 meter SA til A:31 (kolgrop).
Kolgropa, som er forholdsvis kvadratisk i forma, har indre mål på 1,2 x 1,2 meter målt ca 10 cm over botnnivå. Indre mål tekne i øvre kant er 2,5 x 2,5 meter, ytre mål er 5 x 5 meter. Kraftig voll opp mot 1,5 meter breid rundt. djupna er 1 meter. 5 cm med trekol i botnen. Næraste fornminnet er A:51, som er ein mogleg røsteplass, dvs den staden der det organiske materialet er brent ut av myrmalmen. Denne ligg berre 35 - 40 meter mot SV. Elles er det rundt 150 meter i A retning til A:33 og A:42 (kolgroper).
Kolgropa er kvadratisk i forma med indre mål på 1,5 x 1,5 meter målt ca 10 cm over botnnivå. Djupna er 0,5 meter. Vollen rundt er over 1 meter breid, så ytre mål er rundt 4 x 4 meter. Denne kolgropa ligg forholdsvis åleine, så næraste fornminne er A:51 (røsteplass) og A:43 (kolgrop) som ligg mellom 200 og 250 meter unna.
Rund i forma, 2,5 x 2,5 meter øvre innvendig mål, kraftig voll rundt, ca 1,5 meter breid. Ytre mål på ca 5 x 5 meter. Har vore rundt 1 meter djup, men er no fyllt opp med kvist og kvas. Næraste fornminne er A:46 (kolgrop) som ligg 160 meter mot VSV inne på sjølve stølsområdet. Det er likevel nærliggjande å tru at A:45 høyrer til den gruppa med kolgroper som ligg S, SA og V for Stølselva.
Fornminne: Kullgrop, indre diameter 3,5 m, dybde 0,7 m. Lita, spissbunnet grop med lite synlig voll. Gropa er fylt av tuer og stubber, i veggen et solid bjørkekjerr, ellers dekket av mose, lav, gress, granplaner og lyng. 20 m NØ ei lita grop, beliggende åpent til, gropa er lita og grunn, men den har kull.
Kolgropa er rektangulær i forma og orientert N - S. Indre mål N - S er 1,8 meter, A - V 1,0 meter. Låg voll rundt med noko synleg stein i. Djupna er ca 20 -25 cm. Opptil 5 cm tjukt trekollag påvist i botnen. Av kolgroper er det A:34, A:71 som ligg nærast, begge ca 125 meter unna mot V og S. Ei anna kolgrop (K14) er og nemnd i Helge Gundersen sin rapport datert 22.08.1996, men med dårleg kartmateriale vart denne berre omtrentleg kartfesta. Han meiner denne låg oppe på ei høgd NV for ruinane (A:48 - A:50) på Gamlestlen. Eg ser det som sannsynleg at dette er den same som A:34 som ligg VNV for ruinane. Me har saumfare området og ikkje funne noko anna.
Kolgropa er rektangulær av form, orientert N - S. Den har innvendige mål 2,0 meter N - S og 1,2 meter A - V. Kraftig sirkulær voll rundt, så dei ytre måla kjem opp i minst 5 x 5 meter. Djupna er kring 1 meter. Opp mot 15 cm tjukt trekollag. A:47 ligg svært åleine, så det er vanskjeleg å avgjera om den høyrer inn under komplekset NV til NA for Skitlihaugen, eller det som er situert V til SA for Stølselva. Topografisk sett har eg mest tru på det siste.
Bogestella er mura opp av flate steinar i ei lita kløft i berget. Lengda er 1,5 meter og høgda er vèl 0,5 meter. Breidda på muren er ca 40 - 50 cm. Det er ikkje påvist andre sikre fangstanlegg eller bogesteller i området. Næraste kulturminna er kolgropene A:31, A:32, A:33 og A:42 som ligg i ein halvsirkel 125 - 150 meter i N til ANA retning.