Kolgropa har ein indre diameter på 1 meter målt ca 10 cm over botnnivå. Ytre diameter er 3 meter. Djupna om lag 60 cm. Den er rund i forma og har tydeleg voll rundt. 5 - 10 cm tjukt kollag påvist i overgangen mellom side og botn. Ligg noko for seg sjølv, så avstanden til kolgropene A:28 og A:29 som ligg nærast, er bort mot 175 meter. A:36 og A:41 (kolgroper) ligg 200 og 225 meter unna.
Rund i forma, ca 2 meter i diameter indre mål tekne i øvste kant. Ca 4,5 meter i diameter ytre mål. 50 - 60 cm djup. Trekol påvist. Kolgropa ligg ca 30 meter SSA for A:30 (kolgrop). Høyrer truleg til komplekset rund jernvinneanlegget A:54, men kan òg vera knytt til jernvinneanlegga A:5 og A:58, sjølv om dei sistnemnde er konsentrert om eit mindre område.
Kolgropa er stor, rektangulær, orientert SV - NA, med indre mål på 1,3 x 2,3 meter målt ca 10 cm over botnnivå. Ytre diameter ca 5 x 4 meter, vollen rundoval. Kolgropa er så vidt i overkant av 1 meter djup i NA del. Det vart påvist trekol i overgangen mellom sider og botn. Kolgropa går mest truleg inn i same kompleks som dei to jernvinneanlegga (A:5 og A:58) og dei 8 - 9 kolgropene (A:1, A:2, A:4, A:7, A:8, A:10, A:59, A:60 og kanskje A:12) som er situert i same, til dels avgrensa området V for Hesjabakkmyrane.
Kolgropa er rund og ei av dei største i heile området. Indre diameter på ca 3,5 meter og ytre diameter på ca 6 meter. Kraftig voll rundt. Djupna er om lag 1 meter. Trekol er påvist i botnen. Kolgropa går mest truleg inn i same kompleks som dei to jernvinneanlegga (A:5 og A:58) og dei 8 - 9 kolgropene (A:1, A:2, A:4, A:7, A:8, A:10, A:57, A:60 og kanskje A:12) som er situert i same, til dels avgrensa området V for Hesjabakkmyrane.
Kolgropa er rund, 1,8 meter i diameter i øvre kant. Djupna er opp mot 0,5 meter. Ingen tydeleg voll. Trekol påvist i botn og sider, ca 5 cm. Umiddelbart kan ein ikkje sjå at kolgropa har samanheng med andre kulturminne i området. Det er over 500 meter til jernvinnene og kolgropene V for Hesjabakkmyrane, men ein kan heller ikkje sjå bort frå at så er tilfelle. Mest truleg er dette ei kolgrop for brenning av trekol til smiebruk på garden.
Forsøkt kontrollregistrert i samband med reguleringsplan Hyttefelt Hesjabakk-Korlevoll i september 2021. Det var då ikkje mogleg å finne kulturminnet på eller i området rundt kartfestinga, truleg er dette eit anlegg med feil kartfesting.
Kolgropa er rund, med indre diameter på om lag 2 meter målt i overkant. Ytre mål er ca 4 meter. Djupna på gropa er 60 - 70 cm og det vart påvist eit 7 - 8 cm tjukt trekollag i botnen. Kolgropa bør sjåast i samanheng med jernvinneanlegget A:54 og tilstøytande kolgroper (A:22, A:24 og A:27) som ligg ca 150 - 175 meter ned mot Hesjabakkmyrane i V.
Fornminne: Kullgrop, ytre diameter 4 m, indre diameter 2,5 m, dybde 0,6 m. Rund, spissbunnet grop med konvekse vegger. Gropa har lite volum og er dårlig markert i landskapet. Litt voll i V og NV formet som en jevnt buet haug. Gropa ser ut til å strekke seg litt mot N, men her er det meget grunt. Gropa er dekket av lav, på kanten 3 furuer.
Rund i forma, innvendig diameter 2 meter målt i øvre kant A - V. Utvendig mål er 3,5 x 3,5 meter. Trekol i overgangen mellom sider og botnen og i sjølve botnen. Kolgropa er skåren inn i bakken, så den heller ganske mykje mot NNA. 175 meter mot NV ligg A:34 (kolgrop), 125 meter mot N ligg A:46 (kolgrop). Desse kolgropene er nærast Gamlestølen.