Beskrivelse fra lokalitet:
Tufter, setehus i aust, uthus i vest. Kan ha vore ein plass eller eit tidlegare tun.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Tufter, kan henda etter eit eldre tun eller etter ein husmannsplass, setehus i aust og uthus i vest.
Opprinnelig regelmessig, aksial hage, nå offentlig park med regelmessige trerekker og stakitt. Kartlegging av treplanting, enkel artsliste. Verneverdi: Nasj. - 2; reg. - 3. Tilstand: ca 1960 - 3; ca 1985 - 3. Eneste forandring 1985 en barnehage i parken.
Beskrivelse fra lokalitet:
Steinalderlokalitet påvist ved funn av bearbeidet flint. Ljosevatnet er et regulert vatn, og registreringen er gjort ved lav vannstand.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Funn av bearbeidet flint ved lav vannstand i Ljosevatnet.
Det vart i alt registrert 18 gravrøyser på lokaliteten. To av røysene, R3 og R4, jmf rapport, vart delvis avdekka. Røysene er pent oppbygd av store (35-40 cm)og mellomstore stein (15-25 cm). R 3 er om lag 3.5 m i diameter og 50 cm høg, R4 er om lag 4.2 m i diameter og 44 cm høg. Dei andre røysene er mellom 1.5 m -5.5 m i tverrmål, R5, jmf rapport, kan tolkast som ei langrøys, 7.5 m lang og 2.35 m brei.
Det vart registrert 4 steinsettingar/ steinsatte strukturar. Desse var ei samling av intensjonelt plasserte steinar, moglege steinsirklar. Enkelte større stein var synlege, men storparten er dekt av mose og gras. Dette gjorde det vanskeleg å avgrense og sjå forma på strukturane.
På overflata viste tufta (T2, jmf rapport) seg som ei dump i terrenget, om lag 3.5 m lang og 3 m brei. Orientert aust/vest. Det var ein tydeleg voll i nord, noko meir utydleg i sør og fråverande i aust og vest. Ei 50 cm brei sjakt gjennom strukturen viste at den nordlege vollen er bygd opp av store stein (ca 40 cm). Elles var det ei tydleg nedgraving med mørk, lett, sandhaldig masse med store kolbitar og noko humus. Sjølve nedgravinga er 1.5 m brei.
Nedgravinga viste seg som ei lita dump i terrenget, om lag 1.5 m brei og 2 m lang. Det vart lagt ei 50 cm brei sjakt i gjennom strukturen, denne viste ei tydleg nedgraving. Massen bestod av svartbrun, noko trekolhaldig, feit masse med noko små stein. Under denne var det er det eit lag med raudbrun sand, noko feit med ein del humus. Det er ein større stein i nedgravinga. Tolkinga av strukturen er usikker.
Tufta (T1) er lokalisert like ved R5, jmf rapport. Den er rektangulær med eit yttermål på 4.35 x 5 m (tufta er ikkje avdekt heile vegen i austleg retning, avgrensinga er derfor noko unøyaktig). Orientert aust/vest. Tufta har ein tydleg veggvoll i nord, byggd opp av mellomstore til store stein. Den austlege veggvollen er truleg ei forlenging av R5. Truleg er det blitt henta stein frå R5 til bygging av tufta. Flate heller dannar hjørner i sv og nv, og det er fleire mindre heller i golvet på tufta. I den sørlege veggvollen er det eit 80 cm stort mellomrom mellom to større steinar, mogleg inngangsparti? Datering av tufta er usikker.