Det er tatt tre prøvestikk langs med bergveggen på lokaliteten. To av desse er funnførande og er dokumentert i profil i skala 1:10. Lokaliteten er og gjengitt i prinsippskisse. Stratigrafien på lokalitet 5 er noko uklar av di ein ikkje kan seia sikkert om ein her har rasmasse over lokalitetsområdet eller at steinane er ein del av lokaliteten. Lag 1 er eit torvlag på mellom 5 og 10 cm. Her har ein grastorv og røter frå busker og villbringebær. Under dette laget har ein eit lag med mørk brun jord iblant grus. Dette er godt og vel 35 cm tjukt. I ps 2 har ein under dette eit lag med gulbrun jord og blant med grus på vel 15 cm. tjukne. Lag 4 er kompakt leire og noko småstein. I ps 1 kjem ein etter lag 2 ned på stein - moglegvis rasstein. Dette gjer at ein her moglegvis vil ha at deler av lokaliteten no ligg under steinsprang frå bergveggen og platået like bak lokaliteten. Det vart ikkje observert noko trekol i prøvestikka. Det er funne eit reiskap, ein stikkel laga av ei flekke i flint. Det er og representert mikroflekker og smalflekker. Det er ei smalflekke i rhyolitt, elles er råstoffet flint og kvarts. Sjølv om lokaliteten har relativt lite førekomst av rhyolitt kan ein med lokaliteten si høgd over havet sjå lokaliteten i samanheng med andre tidlegneolittiske lokalitetar. Mengda funn er relativt liten, dette skuldast nok meir den topografiske situasjonen i dag der ein har eit tett lag med undervegetasjon og der ein truleg har hatt mogleg ras/steinsprang utover lokaliteten.
Det er tatt 5 prøvestikk på flaten rundt lokaliteten, her var berre eit funn gjevande og dette er dokumentert med teikning av profilen. Flaten der prøvestikka er gjort er teikna som prinsippskisse opp til lokalitet nummer 8 som er avgrensa av nokre av dei funntomme prøvestikka. Stratigrafien på lokaliteten er tredelt, her har ein først eit lag med grastorv på vel 20 cm. Under dette eit lag med mørkbrun jord med noko trekol omlag 15 cm tjukt. Lag 3 er eit brunsvart plastisk lag av sand blanda med småstein på vel 20 cm. Det er uvisst om ein kan sjå lag 2 og 3 som kulturlag. Funna strekker seg frå torvlaget og ned i lag 3. Truleg er laga forstyrra av landbruksaktivitetar i seinare tid. Funna viser at ein på denne lokaliteten har eit blanda råstoffinventar, der kvarts og rhyolitt dominerer. Sjølv om ein har eit lag under torva med trekol ligg funn spreidd vertikalt. Dette kan tolkast som at lokaliteten er forstyrra og at laga er omrota.
I svak SV hellende skråning: Fornminne: Kullgrop. Tydelig markert i terrenget. Gropa er rund, med diameter 5 m. Tydelig voll i S og SV. Bunnen er kvadratisk 1,5 x 1,5 m. Dybde 1 m. På vollen i NV stor gran.
Beskrivelse fra lokalitet:
Opprinnelig regelmessig hage, senere omlagt i landskapsstil, nå nedbygget.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Hus og hage avbildet på akvarell fra første halvdel av 1800-tallet, hagen på V-siden av fasaden til det opprinnelige hovedhus. Hagen rektangulær og anlagt med lange rektangulære kvarterer og aksial midtgang, senere forandret med uregelmessige slyngveier. Tomten nedbygget med idrettshall (Nidarøhallen) og tennisbaner. Opprinnelige? rester fra hagen kirsebærtrær og en rekke edelgran. Ingen planteliste. Verneverdi: reg. - 1. Tilstand: ca 1960 - 2; ca 1985 - 0.
Det er i alt tatt tre prøvestikk på flata, der eitt gav funn. Flaten er teikna som prinsippskisse og dokumentert i profil. Stratigrafien til det funnførande prøvestikket viser ein seks delt strategrafi. Her har ein først eit torvlag på vel 10 cm. Laget under er brunsvart og svært plastisk - vel 10 cm. tjukt. Lag 3 er ei linse med grå sand med ei maksimal tjukne på 4 cm. Lag 4 er eit 15 cm tjukt gulbrunt sandlag. Under dette får ein ei ny linse med raudbrun sand blanda med jord - berre 2 cm tjukk. Nedst har ein eit 10 cm. tjukt lag av gulbrun sand. Området lokaliteten ligg på har nok vore nytta til fleire føremål, både åker og veg ser ut til å ha vore lagt over deler av området. Dei ulike linsene av sand kan skuldast mykje trakk, då ein her har ein høveleg veg ned frå platået og til den gamle naustplassen på Leirvik gard. Det skal kring 1850-åra ha stått tre naust i daldraget nedanfor. I prøvestikka rundt på flaten er det observert trekol i lag som tilsvara lag 2 og 4. I desse vart det ikkje gjort funn. I prøvestikket er ein moglegvis i utkanten av eit kultur-/dyrkingslag.
Det er tatt 4 prøvestikk på lokaliteten der to er tatt oppå sjølve avsatsen. Eitt av desse var funnførande og strategrafien i dette er dokumentert. Flata er så teikna og fotografert. Stratigrafien på lokaliteten er mykje lik den ein finn på lokalitet nummer 6, dei to øvste laga er mest identiske. Lag 3 er då ulikt, då ein her har eit 10 cm tjukt lag med lys brun sand. Lag 4 er eit tynt lag med silt. Funna strekker seg her tvers over den strategrafiske lagdelinga og ein finn funn like under torva og så djupt som ned til 45 cm. Då lokaliteten ligg på kanten av eit vidt daldrag, er det mykje truleg at ein har større eller mindre forstyrringar. Større inngrep frå jordbruk er likevel ikkje truleg då topografien gjev klare avgrensingar på kva som er mogeleg. Funna viser at ein i hovudsak har rhyolitt og kvartsitt på lokaliteten. I funnmaterialet er det og representert eit hogd emne av blågrå skifer.
Uttak i diabasbrudd nær sørenden av gangen ved sjøen. Markerer seg som en grop som er ca. 2 m lang og opp til 1 m dyp som flater ut mot sør. Mur i sørkanten trolig reist i nyere tid. Kan ha sammenheng med at fordypningen har vært nyttet som barkekar. Diabas og tilvirkningsmateriale på sjøbunnen utenfor (lok. Stakanenset XIII) og i strandsonen like ved (lok. Stakaneset VI).
Bruddlokalitet med uttak i diabasbrudd nær sørenden av gangen ved sjøen. Markerer seg som en grop som er ca. 2 m lang og opp til 1 m dyp som flater ut mot sør. Mur i sørkanten trolig reist i nyere tid. Kan ha sammenheng med at fordypningen har vært nyttet som barkekar. Diabas og tilvirkningsmateriale på sjøbunnen utenfor (lok. Stakanenset XIII) og i strandsonen like ved (lok. Stakaneset VI).
Stratigrafien på lokaliteten er svært varierande både i tal lag og samansetning. I ps 3 har ein i lag 2 og 3 eit mogleg kulturlag, her er det likevel få funn i høve til dei andre prøvestikka. Lagdelinga vert noko vanskeleg å tolke då ein i nyare tid har hatt ei løe ståande i kanten av lokaliteten. Dette har naudsynleg ført til mykje trakk og omroting av dei øvste laga. Dei funnførande laga er i hovudsak gruslaget under torva/jordlag. Her har ein, ein del vassrulla flint som kan skuldast at lokaliteten ligg på eit gamalt strandnivå, eller at det i dag er eit sterkt vassig over lokaliteten sin austre del. Funna viser ei stor spreiing i råmateriale. Her er representert kvarts, kvartsitt og flintmateriale. Vidare har ein fragment av brent bein og keramikk. I prøvestikk tre har ein og representert nyare tids materiale gjennom funn av jernfragment.
Beskrivelse fra lokalitet:
Steinalderlokalitet påvist ved funn av bearbeidet flint. Ljosevatnet er et regulert vatn, og registreringen er gjort ved lav vannstand.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Funn av bearbeidet flint ved lav vannstand i Ljosevatnet