Lokalitet 12 ligg på eit område som i dag er dyrka mark/beite. Stratigrafien viser då også dette. Lag 1 er eit 10-15 cm tjukt torvlag. Lag 2 er eit 10 - 20 cm tjukt dyrkningslag som er svært omrota. I ps 1 har ein eit lag 3 med lys sand før ein kjem ned på eit markert kollag. Dette er vel 3 cm tjukt. Det er nærliggjande å sjå lag 3 i samband med ei mogeleg utvasking av lag 4. Ein kan då sjå funna i samanheng med desse laga og ein har her eit mogleg kulturlag. Denne stratigrafiske situasjonen er ikkje synleg i ps 2 lenger vest. her har ein berre eit funnførande lag 3 samansett at grå sand. Lokaliteten er relativt liten, vel 60 m2. Det er gjort få funn på lokaliteten, men ei smalflekke i rhyolitt viser at ein har ein tidlegneolittisk bruksfase på lokaliteten. Talet funn gjer at ein truleg ikkje har meir enn ein fase. Høgda over havet er på vel 12 meter.
Her er stratigrafien nokolunde sams over heile flata. Torva er stadvis meir vasstrekt, men omlag 15 cm tjukk. lag 2 er samansett av sand og grus og litt trekol - dette laget er og funnførande. Lag 3 har meir grus og har ei tjukne på vel 20 cm. Her har ein og gjort funn. I dei andre funnførande prøvestikka vart det ikkje observert det same kolhaldig laget. Lokaliteten ligg sørvendt til ut mot Herdlafjorden, det totale arealet er vel 100 m2. Det er eit avslag i rhyolitt noko som kan indikere ein tidlegneolittisk bruksfase.
A20 Kokegrop Svart kullholdig masse og skjørbrendt stein. Deler av gropa ligger utenfor sjakta. Litt avlang; langs veggen er D=142 cm. Ut fra veggen er D=186 cm.