Lokaliteten ligg aust for Rossnesvegen på gnr. 65 bnr. 47. I aust strekker lokaliteten seg frå steingarden og ned mot vegen i vest. Steingarden fylgjer her ei naturlig grense mellom moreneavsetninga i vest og berg i aust. I sør grensar lokaliteten opp mot lokalitet 2 som ligg høgre enn 1. I nord grenser lokaliteten inn mot ein bekk som renn frå ANA og vidare under vegen i V. Ut frå topografien ser det ut til at vegen har skore seg eit lite stykke inn i den vestlige delen av lokaliteten. Lokaliteten ligg samla sett naturlig avgrensa i landskapet med berg i A, ei høgde i S, skrånande terreng ned i V og ein bekk i N. Lokaliteten måler 52 m NNV-SSA og opp til ca 20 m A-V. Høgda over havet varierer frå 11 til 14 m. Lokaliteten er grasgrodd (beite) og i den nordvestre delen veks nokre store grantre. Det er tatt til saman 7 prøvestikk på lokaliteten. Alle prøvestikka var positive. Lagdelinga på lokaliteten er mykje lik over heile flate. Ein må likevel gjere merksam på dei variasjonane som finst. Det er gjort funn i alle prøvestikka på lokaliteten, sju prøvestikk til saman. Generell lagdeling: På heile flata ligg det eit brunt lag med torv frå 10 til 15 cm tjukt. Under dette torvlaget finn ein eit funnførande kulturlag. Dette laget er humushaldigt og inneheld sand, grus, småstein, og ein del trekol. Laget er frå 15-30 cm tjukt. Innslaget av stein kan variera. Under dette laget finn ein eit noko varierande lag men generelt kan ein si at det inneheld mye stein. Laget er funnførande og må sjåast i samanheng med laget over. Det nedste laget er steril undergrunn og kan variera frå gråbrun sand og silt til mørk brun til raudbrun sand. I prøvestikk 5 kom det fram ein sterkt kolhaldig struktur (sjå profilteikning fig. 4). Strukturen vart i felt tolka som ei mogleg yngre aktivitetsfase på steinalderlokaliteten. Strukturen vart tolka som ein mogleg rest av ein eldstad eller ei kokegrop, helst det siste. Det vart teke ut ei C-14 dateringsprøve frå strukturen. Dateringa viste at det var aktivitet på plassen i tidleg yngre bronsealder 2688 ± 85 (T-15165) kalibrert alder BC905-795. Ein må difor rekne med fleire fasar på lokaliteten.
Lokalitet 2 ligg på ei lita høgde kant i kant med lokalitet 1 som ligg i nord. I aust går ein steingard som avgrensar lokaliteten i denne retninga. Aust for steingarden er det berg. I nord, vest og sør skrår terrenget ned frå flata og avgrensar lokaliteten på ein naturleg måte. Lokaliteten er grasvaksen og midt på flata, inn mot steingarden i aust veks det bjørk. Lokaliteten måler 20 m nord nordvest - sør søraust og 15 m aust nordaust - vest sørvest på det breiaste. Høgda over havet er 14-16 m. Det vart teke i alt tre prøvestikk på lokaliteten. Prøvestikk 1 og 2 var positive. Prøvestikk 3 gav ikkje funn. På flata er det eit om lag 20 cm tjukt brunt torvlag. Under dette laget kjem eit 30 cm tjukt sand og gruslag som innehelder ein del silt. I heile laget fins det stein 5-20 cm stor. Laget er funnførande. Undergrunnen er raudbrun grus og sand.
Tufta vart funne under synfaring av området av arkeolog Kjell Arne Valvik på Myklastølhaugen. Tufta, som måler om lag 6,5 x 7,0 m utvendige mål med ei orientering N-S ¿ A-V, vart teikna i plan (sjå rapport fig. 7). Det vart teke eit prøvestikk inne i tufta. Ho er bygd av tørrmura stein der murane no er noko sammenrast. Inne i tufta ligg fleire større stein. Det er uvisst om tufta har hellegolv men det er meir stein inne i tufta enn på utsida. Formen på tufta er ikkje vanleg og må karrakteriserast som sekskanta. Det er ikkje noko klart inngangsparti men det ligg noko stein på utsida i søraust som kan tyde på inngang. Tufta er tolka som ei gammetuft og kan vera eit samisk kulturminne. Om lag 50 m mot søraust ligg ei kolgrop datert til romertid/folkevandringstid. Det vart teke eit prøvestikk i tufta for om mogleg å ta ut trekol til datering. I prøvestikket vart det funne noko kol i lag 2. Heile lag 2 vart teke ut som prøve til datering. Tufta er datert til 295 +/- 35 før notid, kalibrert alder AD 1525-1655 (Tua-4465). Lag 1: Brun grastorv. Lag 2: Grå til mørk grå sand, silt og små stein, noko kol i heile laget. Lag 3: Raudorange aur. Steril undergrunn. Datering av lag 2 gjev ei datering til overgangen mellomalder / nyare tid
Kolgropa måler om lag 3 m i diameter ¿ ytre mål ¿ og med eit indre mål på om lag 1 m. Gropa er godt synleg og har ein klårt markert voll i nedre kant mot sør. Det vart teke eit prøvestikk i kolgropa. Lag 1, brun grastorv. Lag 2, grå til svart torv. Lag 3, grå humushaldig sand og grus. Lag 4, grå til gråorange sand og grus. Lag 5, kollag. Lag 6, brunorange aur. Lag 5 radiologisk datert til 1590 +/- 50 BP (T-16803). Kalibrert alder AD 420-545(overgangen slutten av yngre romertid / folkevandringstid)
Skålgropsteinen måler 3 x 2,8 m orientert aust-vest og nord-sør. Sjølve flata på toppen av steinen måler 2 x 3 m. På denne flata er det 3 skålgroper på den nordre delen av steinen. Gropene er om lag 5 cm i diam. og om lag 0,5 til 1 cm djupe. Det vart talt til saman 5 groper på steinen. Steinen er skadd av belter frå ein prepareringsmaskin eller snøskuter.