Det er ikkje tatt prøvestikk i gropa. Tilstanden er god. Registrert av A. B. Olsen 1984. Ved skjøtsel og kontroll av kulturminnet september 2006 kunne ein sjå at dette truleg er ei blestertuft, og ikkje ei kolgrop som ho hadde vore registrert som. Mål: 3,0 ¿ 3,5 m i diameter.
Kolgrop. Mål: 6,0 m i diameter, 0,8 m djup. Tilstanden er god. Gropa er tidlegare registrert som dyregrav, men funn av trekol syner at dette er ei kolgrop. Registrert av A. B. Olsen 1984, og av L. E. Narmo 1989.
Kolgrop. Mål: 5,1 m i diameter, 0,7 m djup. Kolgropa ligg heilt inntil stien. Tilstanden til gropa er god. Registrert av L. E. Narmo 1989. Hausten 2006 vart det registrert ei mogleg tuft (6 x 4 m, VSV-ANA) like NV for R11, og ei lita grop like S for R11.
Tuft. Mål: 4,3 x 3,5 m, N-S. I prøvestikk inne i tufta vart det påvist eit utvaskingslag med bitar av trekol. Tilstanden er middels god, av di her veks mykje krattskog. Registrert av L. E. Narmo 1989.