Det vart påvist trekol, små slaggklumpar samt brente bein i prøvestikk i tufta. Tilstanden er ganske god, men tufta er ein del overgrodd og utydeleg. Stien går over NV-hjørne til tufta. Mål: 8,5 x 4,5 m
I prøvestikk tatt i 1984 vart det funne trekol, brente bein og ein liten jernkniv. I prøvestikk tatt 1989 vart det påvist trekol, skjørbrente steinar, brente bein samt slagg. Tilstanden er ganske god, men ho er ein del overgrodd av brake. Registrert av A. B. Olsen 1984, og av L. E. Narmo 1989. Mål: 7,5 x 4,0 m
Det har ikkje vorte tatt prøvestikk i gropa. Tilstanden er god. 1,0 m i diameter, 0,6 m djup, 0,5 m brei voll. Registrert av A. B. Olsen 1984, og av L. E. Narmo 1989.
Det er ikkje tatt prøvestikk i gropa. Tilstanden er god. Registrert av A. B. Olsen 1984. Ved skjøtsel og kontroll av kulturminnet september 2006 kunne ein sjå at dette truleg er ei blestertuft, og ikkje ei kolgrop som ho hadde vore registrert som. Mål: 3,0 ¿ 3,5 m i diameter.
Kolgrop. Mål: 6,0 m i diameter, 0,8 m djup. Tilstanden er god. Gropa er tidlegare registrert som dyregrav, men funn av trekol syner at dette er ei kolgrop. Registrert av A. B. Olsen 1984, og av L. E. Narmo 1989.