Tuft etter stein- og jordhytte som var i bruk meir eller mindre 1832 - 1853. Leik Torkjelsson Sunde var frå Der nede på Auster Sunde. Men i 1832 laut han dela opp garden fordi han var blitt fattig etter å ha løynt ein brotsmann, og så flytte han og kona hans over vatnet til Øydgarden og budde i denne stein- og torvhytta medan dei bygde hus som aldri blei ferdige.
Steinvegger etter jordeplehus, innvendig mål 1,5 x 2 m. Her var altså liggjeplass på jordgolvet til to vaksne. Det var truleg her Leik Torkjelsson Sunde og kona hans busette seg i 1834 medan dei bygde hus. Dei fekk eit barn her, Abraham, f. 1836. Det er uvisst kor mykje dei budde her, for den eldste sonen hans med familie budde jo i hus på Auster Sunde, og det er sannsynleg at Leik med familie også budde meir eller mindre på Auster Sunde. Leik Torkjelsson Sunde d. 1853.