Beskrivelse fra lokalitet:
Ei funnførande sjakt utgjer lok. Den er ikkje vidare avgrensa. Funn av fire stolpehol.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Sjakt 1 var 4 x 15 m + 4 x 5,5 m (utviding mot S). Funn av eitt sikkert stolpehol: 45 cm djupt, truleg to fasar. Dei tre andre fyllskifta er meir diffuse, truleg pga utplanering i området. Truleg stolpehol.
Sjakt 1 var 4 x 11,5 m. 35 (A) til 60 cm matjord. Under matjorda var eit laust sand- og gruslag med ein del mindre stein. I fylgje eigar kunne dette vera restar etter vatningsveite. Midt i steinsamlinga låg eit fyllskift med brunsvart jord med noko trekol. Steinsamlingen verkar menneskeskapt, men det er vanskeleg å seia om ein har å gjera med ei grav/restar etter ei grav. Ubrende bein i topp, truleg storfe, aukar sjansane for at ein har å gjera med ei relativt moderne nedgraving.
Frå Per Fett, 1954: "Varden", røysrest, namnet ute av bruk. No oml. 17 m lang og 6-7 m brei, men kan ha vore ein 15 m brei. Øvste skalken, som ligg att, er no 1 1/2-2 1/2 m høg. Ikkje utkasta til botnen i midten. Ligg på svaberg ein 30 m frå stranda, nedanfor Utsikti. Oppi røysresten er nokre steinar på fleire mannslyft kvar. I eller før 1841 vart det funne ein hovudskalle av menneske "under endel stene, som var lagt med en viss omhu, men uden at danne noget gravkammer.".
Sjakt 2 er 4 x 15 m + 1,3 x 8 m. 15 fyllskift av varierande storleik og konsistens. Fem av fyllskifta har steinskoning og er truleg stolpehol. Dei andre er meir uklåre. Dessutan ei nedgraving tvers over sjakta og eit hesteskoforma større fyllskift.
Sjakt 6 var 4x13 m + 2x3 m. I SV kom det fram eit lag med runde, jamstore steinar. Sjakta utvida mot SV. Liten kolkonsentrasjon. Steinpakningen relativt tynn, opp til 15 cm. Vegvesenet har hatt ein rampe i området (1950-talet). Det kan vera spor etter den eller restar av grav.