Det er registrert om lag 15 rydningsrøyser på feltet. Dei fleste er kasta saman rundt jordfaste steinblokker. Røysene er 4-6 m i tverrmål og 0,2-0,4 m høge. Dei ligg jamnt spreidd innan avgrensinga som er teikna inn på kartet. Røysene er svært overtorva. Kanten av røysene er jorddekt og overvakse med gras. Rydningsrøysene på Mo-terrassen er truleg automatisk freda kulturminne frå førhistorisk tid.
Grop, 5 m i tverrmål og har tydeleg voll. Dette viser at den ikkje er naturleg danna, men er spadd opp. Gropa er om lag 1 m djup i dag. Den ser ut til å vera fylt igjen, så den kan ha vore noko djupare. Det er uvisst kva denne gropa er for noko. Den er truleg yngre enn rydningsrøysene og laga etter at jordbruket ppå terrassen slutta.