Røys A ligg like ved eit gjerde som går 30 m V for tunet på Teigum. Rydningsrøysa ligg 10 m S for ein høgspentstolpe. Rydningsrøysa er 5 m i tverrmål og 1 m høg. Den er heilt overtorva. Det er synleg stein berre i toppen av røysa.
Like ved røys A er det ein steinstreng. Den er overgrodd og ca 0,6 m høg og 1,2 m brei. Dagens gjerde fyl denne steinstrengen. Det er difor ikkje sikkert at den er så gamal. Men skulle ein berre samanlikna den med andre steinstrengar, så er den svært lik dei ein finn i samband med øydegardar frå jarnalder på Jæren og i Sverige.
Røys B ligg 11 m V for gjerdet og i flukt med kvitt hus. Rydningsrøysa er 6 m i tverrmål og 0,3 m høg. Røysa er skadd i V. Der røysa ikkje er skadd, er ho overtorva. I overkant er det ein punktbrink av jord som er stuva opp inntil røysa ved dyrking av området.
Rett S for røys B er ein terrasse. Den er i utgangspunktet naturleg, men har og fungert som ei åkerrein. Sauene har gnidd seg inntil terrassen og slik laga eit snitt. Dette inneheldt 50 cm matjord over eit lag som inneheldt ein del trekolstøv. Under dette eit utfellingslag.
Røys C ligg 5 m S for terrassekanten. Det kan vera ei rydningsrøys eller det kan vera ei naturleg steinsamling som det er kasta noko rydninsstein på. Røysa er 6 m N-S og 7 m A-V og 0,3 m høg. Røysa er firkanta.
Rydningsrøys D ligg 56 m V for gjerdet mot tunet på Teigum og 31 m S for gjerdet som avgrensar denne delen av innmarka mot N. Røysa er 6 m i tverrmål og 0,3 m høg. Røysa inneheld mykje knyttnevestor stein. Ho er overtorva kring kantane. I overkant av røysa er det ein tydeleg punktbrink.
Rydningsrøys E ligg 14 m S for gjerdet som avgrensar området mot N og 25 m V for røys D. Røysa ligg rett under høgspentleidningen som går gjennom området. Røysa er 3x2 m og 0,3 m høg. Røysa inneheld stein som er frå knyttneve- til hovudstor og er ikkje overtorva.
Rydningsrøys F ligg 5 m A for røys E. Røysa er 4 m i tverrmål og 0,4 m høg. Røysa er nesten heilt overgrodd med einer. Røysa inneheld vesentleg hovudstor stein.
Åkerrein som går parallellt med steingjerdet som går i nedkant av området, 75 m lang og mellom 0,5 og 1 m høg. Det er mogleg at den har samanheng med rydningsrøysene.