Tufta har eit ytre mål på 6x6m, vollane er oppbygde og er om lag 0.3 m høge og 1m breie. Orientering na-sv. Tufta er svakt markert, særleg austre langvegg er utydelig. Vestre langvegg er gravd inn i bakken. Den sørlege kortveggen har ikkje voll, truleg har inngangen vore her. Tufta er lokalisert på ei lita høgde i bakkeskråningen n for Kletta. Like nord for tufta går ein sti over til Offerdalen.
Tuft B er hestskoforma og orientert nv-sa. Ytre mål er 9x11m. Veggvollane er godt markerte, opp til 50 cm høge veggvollar med mykje stor stein. Vollane er berre delvis overvokste og er opp til 2 m breie. Inngangen har truleg vore i sørlege kortvegg.
Tuft C er hestskoforma, svakt markert, med opa kortside mot aust. Vestre kortside er noko inngravd i bakken, nordre langsider er dårlig markert. Ei grunn grøft, om lag 1 m brei følger ytterkanten på vollane. Ytre mål på tufta er 8 x9.5 m. Vollane er opp til 0.4 m høge og 1-1.5 m breie.
Tuft D er hesteskoforma med godt markerte vollar, truleg har inngangen vore i austre kortvegg. Stor stein er synlege i vollane som er delvis overvokste med einer og nokre bjørketre. Ytre mål på tufta er 8.5 x 10.5 m. Vollane er 1-2m breie og opp til 50 cm høge.
På lokaliteten vart det opna tre funnførande sjakter. I desse var det funn av automatisk freda kulturminne i form av fossile dyrkingslag. I sjakt 6, jmf rapport, representerer det fossile dyrkingslaget truleg fleire fasar med forhistorisk landbruk på Skårhaug.
Utgraving: Gravd ut i 2010 og 2011 av Universitetsmuseet i Bergen. Det ble påvist flere faser med forhistoriske jordbrukslag, som viser til rydding, beite, og korndyrkning i løpet av siste del av yngre steinalder og opp til og med førromersk jernalder.