Beskrivelse fra lokalitet:
På ein vest-aust-gåande grusrygg ligg tuftene etter Væting der fire gardsbruk på ForGard hadde kvart sitt stølsbruk fram til jordskiftet av 1957. Dei fire stølsbruka blei nedlagde i 1940-åra. Gavlane til fire eldbuer stod etter einannan frå vest til aust, men alle møna var vende nord-sør parallelt med einannan. Vestlegaste eldbu 3 x 4,5 m med are i midten. 6 m lenger aust stod neste eldbu 1,4 x 3 m med are i søraustre kroa. 2m lenger aust stod neste eldbu 1,4 x 3,5 m med are i søraustre kroa. 8 m lenger aust stod austlegaste eldbu 1,7 x 4,5 m med are i søraustre kroa. Den austlegaste eldbua var inndela i to rom: Den eigentlege eldbua i sør og løa i nord. Dei tre fyrstnemnde stølsbruka hadde inga løe; så høyet blei sett i stakkar. 23 m aust for den austlegaste eldbua ligg det ei kvi på 8 x 7 m med steingjerde rundt der dei molka kyrne og klypte sauene. 30 m sør for austlegaste eldbu låg tufta etter ei eldre løe 1,4 x 3 m. 6 m sør for denne låg tufta etter ei eldre eldbu 1,7 x 4 m med are midt i nordre del. 7 m aust for denne låg buvegen. Det finst rydningsrøyser i området.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Tufter etter fire stølsbuer som stod i ei rekkje med alle møna vende nord-sør parallelt med einannan. Alle var eldbuer med are, men den austlegaste var inndela i to rom: Eldbu i sør og løe i nord. Dei tre fyrstnemnde hadde inga løe; derfor blei høyet på desse tre stølsbruka sett i stakkar. Aust for den austlegaste tufta ligg det ei inngjerda kvi. Sør for den sørlegaste tufta ligg det fyrst tufta etter ei eldre løe og så tufta etter ei eldre eldbu. Folk seier at her har vore funne jernslagg frå eldgamal tid.
Beskrivelse fra lokalitet:
Jernvinneanlegg. Segna seier at her var store tuver av sinders (jernslagg) før den fyrste oppstemminga. Ved LRV stikk det ut ein lang nord-sørgåande grusrygg, ca. 750 m sør-sørvest for Voilevad-brua. På grusryggen blei det funne spreidd renneslagg og skøyrbrende steinar i eit område på 20 x 50 m. Det blei aldri funne nokon omn, men av slaggsamlingar ved låge pallar kan ein tenkja seg kvar omnen må ha vore.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Jernvinneanlegg. Segna seier at her var store tuver av sinders (jernslagg) føre oppstemminga. Her er enno mykje sinders på ein nord-sør-gåande odde som stikk ut ved LRV.
Beskrivelse fra lokalitet:
Markert røys bestående av rullestein, rufsete ytterkant. Mål 5x3m. Høyde 40cm. bygd av likeartet stein. Ligger i slak helling mot SV. Ytterkant av drenert myrområde i sør. Det er ikke påvist lav på undersiden av steinene i røysa, den er derfor sannsynligvis eldre enn en maskinbygde vegen i øst. Den steinen som finnes spredt i området består av en blanding av bruddstein og rullestein. Sandtaket i øst inneholder ikke rullestein slik som røysa består av. En eventuell tolkning som rydningsrøys virker lite sannsynlig utfra plasseringen hvor det ikke er påvist åkerterasser eller andre spor etter dyrkning. Røysa har blitt snittet. Snittet ble lagt inn mot midten av røysa fra sør. Det ble ikke påvist spor etter noen nedgravning i eller under røysa. Mulige tolkninger: røysa er en naturdannelse eller den består av oppsamlet stein med ukjent formål fra nyere tid. Eventuelt førreformatorisk tid, men dette er det ikke holdepunkter for å fastslå.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
5x3m bygd av 30-40cm rullestein. Høyde 40cm. bygd av likeartet stein. overgrodd, ligger I slak helling mot SV. Ytterkant av drenert myrområde.