Fra Per Fett, 1954: Røys eller røysrest på ei hylle nett ovanfor bygdevegen i kvassaste svingen på Torneset, ein 30 m o. h., 100 m N for fk. 1/1. Er nå 6-7 m lang, 4 m brei, knapt 1 m høg. Det vart teke stein av ei røys her då dei bygde vegen, det er truleg denne. Dei fann då ei mura kiste på fjellgrunnen, 1 1/2 m lang O-V, 1/2 m brei, med heller over.
Fra Per Fett, 1954: Røys på Røv, ei hylle i berget nedanfor vegen om lag 100 m NV for fk. 1/2. 8-10 m lang, 6-7 m brei og 1 m høg, omrota og utkasta så det er uråd å gje opphavleg mål. Her var mannslang mura kiste, nå berre eit søkk i midten der det ligg ei helle, 1,3 x 1 m vid, 15 cm tjukk.
Fra Per Fett, 1954: Røys på Nesmjølstølen, 10 m nedanfor bygdevegen, beint mot utløa 15 x 13 m vid, 1 - 1 1/2 m høg, ligg visstnok på bergskarv med tunt jordlag over. Open kiste, mura av rund stein, 1 1/2 m lang N-S, 1 m brei og 1/2 m djup, eit par m inn frå S-kanten. Mykje tilgrodd med lauvskog og kratt, tilkøyrt noko rydningsstein og bos. Det er mogleg at B1647 er herifrå, med di den skal vere f. "i en stenrøs mellom Utne og Ullensvang", nemnd like etter Utne.
Fra Per Fett, 1954: Røys 18 m i tvm., 2 1/2 - 3 m høg, 10 m ONO for fk. 1/1. Her og påkøyrt mykje rydningsstein, og det skal vere to røysar under steinen.
Fra Per Fett, 1954: Røys, opphavleg mål 15 m i tvm., og 2 1/2 m høg. Utgraven 1937 (Eva og Per Fett). Ho ligg 30 m ONO for fk. 1/2. Omlag jordfri røys av kult på opp til mannslyft og vel så det. Gravrom av kantsette heller 50 X 75 X 50 cm tett ved SO utkant med B8901 II. Midt under røysa i gamal humus låg B8901 I. B8923 f. då røysa vart restaurert.
Fra Per Fett, 1954: Røys, bortrudd. Etter gamalt utskiftingskart 18 X 11 m, skal ha vore like høg som dei andre røysane. Det er ikkje kjent funn eller grav herfrå Ho låg tett V for stova på bnr. 17.
Fra Per Fett, 1954: Røys, i nokon mon bortrudd, restar skal nå liggje under eldste delen av stovehuset og storparten av tunet på bnr. 17, O for stova. Etter Bendixen var røysa 18 1/2 m i tvm., og 4 m høg.
80m NV for kullgrop id 19920 og på den laveste del av ryggen: kullgrop, rundoval, klart markert med en 2m br, 0,3m h voll, tilspisset mot bunnen. Bevokst med lyng, mose og noen einer. Stor gran og mindre bjerk i NV-kant. D m/ voll: 5m, dybde 0,5m. Ligger inntil NØ-kant av NV-SØ-gående tydelige dyretråkk, som også passerer id 19920. Tråkket kommer ned på stien, nevnt under. Undersøkt av KHM 2015.
Gravd ut av KHM i 2015. Datering: 1280-1390 e.Kr. (Ua-53155). Datert på bjørk.
Fra Per Fett, 1954: "Kongshaug", røys med jorddekke i bakken 70 m NO for stovehuset, ved bytet mot bnr. 12. Det meste er no utjamna og det er køyrt på jord til hage. Oml. 20 m i tvm., og må ha vore over 3 m høg. Her skal etter segner som Schnabel høyrde, kong Grå vere gravlagd, i seinare litteratur er det Harald Gråfeld. (kong Grå = Groa ?) Neumann omtalar funn herfrå heilt ubestemt. Utgraven 1910 (Haakon Shetelig). Midt i røysa var ei svær kiste av heller (Shetelig VJG fig. 271 -72) med takhellene borne av ein steinbjelke. Botnen var brulagd med runde småstein, og på eit lag kol og never låg B6409.