Beskrivelse fra lokalitet:
Jordfast berg med 9 skålgroper. Det ligg ca. 6 m frå øvre Norheradsveg, på S-sida, ca. 50 m SØ for husa på Fjellheim.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
9 skålgroper på eit jordfast berg, der ca. 2x1 m er oppe i dagen. Berget er skjemma av ein bolt, samt ein telefonstolpe rett ved. Resten av berget er nytta som rydningsrøys.
Beskrivelse fra lokalitet:
Ein stor, delvis øydelagt gravhaug.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Jordblanda røys, ca. 8x7 m, høgde 1,5 m. Haugen er delvis øydelagt av graving i nyare tid. Ein del masse fjerna. I midten verkar det å vere tre rekker av stein, som kan minne om ei kisteform. Lokale har påvist metall med detektor i senter av denne.
Beskrivelse fra lokalitet:
Restar av ein gravhaug. Den låg på ein terrassekant ca. 15 m S for låven på garden.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Haugen er no heilt borte, berre ein utflata terrassekant att der den sto. Det er frå denne haugen C25150, overplata til ei oval spenne lik R652, rangle R463 og andre jernfragment kjem frå.
Beskrivelse fra lokalitet:
1 røys av ukjent alder og karakter. Den ligg ca. 500 m Ø for husa på Øverlien.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Steinrøys, ca. 7x6 m, høgde 0,4 m. I fylgje lokal tradisjon skal dette vere ei gravrøys. Det har vore gravd og herja her, så det er ingen symmetri att. Røysa ligg i lauvskog ca. 500 m Ø for husa på garden. Det er gamle dyrkingsflater i området.