Tufta viser seg som eit veldig flatt parti på ca. 20x10 m, og er kunstig oppbygd som ein form for terrassekant. Retninga er Ø-V. Dette er truleg tufta av eit langhus.
Rydningsrøys. Avlang form, noko overgrodd av gras og mose. L 6 m, B 3,90 m. Bjørk i S kant. Ligg i området N for tufta og gravhaugen. Tufta ligg kring 40 m S. Einervegetasjon, spreidde bjørk.
Rydningsrøys. Ligg i S-leg kant av bratt skråning N for flatt parti med tufta. Ujamn form. Til dels overgrodd av gras/lyng, og dekt av einer i S-leg kant. L 2,80 m, B 2,60 m.
Rydningsrøys. Ligg på lita flate i bratt bakke N for området med tufta og gravhaugen. Tufta ligg kring 60 m S. Røysa er delvis dekt av einer. Bjørk i SV. Den har avlang til rund form. L 4,80 m ,B 4,70 m. Stor stein i V kant.